Djupnelæring har lenge vore eit fenomen i skulen, sjølv om omgrepet kanskje er nytt. Men, kva er eigentleg djupnelæring?
Eit gammalt fenomen
Omgrepet seier mellom anna at læringstrykket skal ligge på den fagsamanbindande og den tverrfaglege kunnskapen. Ikkje noko revolusjonerande eller nytt, men likevel noko som endeleg har blitt sett ord på i samband med den nye læreplanen LK20. Utdanningsdirektoratet definerer djupnelæring slik:
[…] det å gradvis utvikle kunnskap og varig forståelse av begreper, metoder og sammenhenger i fag og mellom fagområder. Det innebærer at vi reflekterer over egen læring og bruker det vi har lært på ulike måter i kjente og ukjente situasjoner, alene eller sammen med andre» (Utdanningsdirektoratet, 2019)
Å sjå samanhengar mellom gamal og ny kunnskap
Det første vi kan legga merke til, er at djupnelæring føreset at ein gjennom undervisninga skal gje elevane innblikk i og knytte den nye kunnskapen opp mot allereie tillært kunnskap, og dermed skal eleven kunne sjå ein samanheng mellom den gamle og den nye kunnskapen og sjå samanhengar til andre fag.
Å bruke kunnskap i kjente og ukjente situasjonar
Noko anna som kjem fram gjennom denne definisjonen er at elevane tilsynelatande skal kunne bruke det dei lærer i både kjende og ukjende situasjonar, og lage seg ei vedvarande forståing av kunnskapen. So enkelt er det derimot ikkje. Det er ikkje alltid sjølvsagt at ein elev har den gamle kunnskapen som trengst for å tileigne seg den nye kunnskapen. Det er difor viktig at om dette er noko ein skal krevje av både elevar og lærarar, så må dette vere ein sentral tanke hos alle lærarar på alle årstrinn.
Djupnelæring og overflatelæring hand i hand
Sjølv om Nyhus og Talsethagen (2020) i boka
Dypt og grunnleggende norskfaglig: Dybdelæring i teori og praksis poengterer at djupnelæring og overflatelæringa må sjåast som to forskjellige læringsmåtar, skriv dei også at ein ikkje kan avskaffa overflatelæringa fordi elevane nå skal oppleve djupnelæring.
Overflatelæring har ofte vert kritisert på grunn av at mange meiner at ho baserer seg på å hugse og pugge fakta framfor å reflektere over ho.
Djupnelæringa har derfor nå fått større plass i skulen på grunn av at ho skal setje i gong ei systematisering av kunnskapen og dermed også hjelpe ny lærdom å komme inn i det kognitive systemet på ein meir ryddig måte. Hos Nyhus og Talsethagen heiter det at «[…] undervisningen skal legge til rette for at elevene skal «se etter mønstre», «organisere sin egen kunnskap», «vurdere nye ideer», «reflektere over egen forståelse», og «relatere nye ideer til det de allerede vet»» (2020, s. 26).
Men med dette i bakhovudet er det likevel verdt å peike på at det finst to forskjellige tilnærmingar til djupnelæring: ei aktiv og ei passiv. Då er det her særleg interessant å nemne den aktive djupnelærings-prosessen som nyttar pugge-strategiar for å hugse detaljane, og ikkje berre tek omsyn til meiningar, bodskap og det sentrale innhaldet.
Når ein ser denne aktive djupnelæringsprosessen som ei samansmelting av detaljar og det overordna innhaldet, er det derfor nærliggjande å seie at overflate- og djupnelæring altså går hand i hand.